Storebror
av Gunnhild Stormo, komponistens søster    1922-2006
  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



      

Å ha ein Storebror som fortel eventyr for småsøskena sine,

ein Storebror som tar ein med på reiser gjennom framande land,

-ein alvorleg Storebror å ha respekt for, - ein leikande Storebror

med glimt i auge - det er stort det, - for den som liten er.
   

Ved det store, svarte pianoet var det han lokka fram eventyret,

der var det han tok oss med på reiser, - der var det han trylla

fram fuglar og dyr: Fola blakken, Blåmann bukken min, Reven

under birkerot og Lerka høgt mot sky.

  
Frå pianoet lydde Gangar av Grieg, - som let oss sjå - kaillar og

unggutar som trampa i veg, - med tunge og lette steg. Etter sola

var gladd kom Bryllupet på Trollhaugen og Trolltog. Porten i

berget opna seg, - og dei kom tumlande fram - alle småtrolla.

Kast i kast nedover reina, - med stortrolla hompande og hufsande

etter seg, - til dei kom til den rolege, fine sletta for å leike seg

der heile natta. Solredde som dei var. Men tida har ikkje tid til å

stå stille. Nye eventyr - fantasi og fuge i G-moll av Bach vart

kjære og kjente tonar i huset. Bach og Brahms, - små øyro lydde

og vart glade i dei vakre tonane. Det rare var at han somtid skreiv

notar sjøl , - enda så mange notebøker der var. Lyrisk Dans ga

oss solskin og blomstereng, om det så var midt på svarte

vinteren. Og så den sorgtunge valsen da, - Vals lugubre, - så

vemodig vakker. Ja, dei dansa, - tangentane.

   
Så kom radioen. Forunderleg. Vi satt og lydde, - Mor, Far og

mange småsøsken: Kringkastingsorkesteret spiller Lyrisk Dans

av komponisten Paul Okkenhaug, - Storebror Pål? Komponist?

Barneåra vart smått om senn levd i frå seg, og vi tøygde oss etter

ungdomsår. Musikk, song, spel var alltid med. Ein septemberdag

satt eg åleine i ei fullsatt kjerke. Mor var død og låg framme i

koret. Pål satt òg aleine. Ved orgelet. For meg var det som om

Pål hadde registrert orgelet til eit himmelrop, - men svaret kom

så lint og stillferdig, og roa ropet inni meg - og inni han som

spela "Andante Funebre".
   

   

Hentet fra diktsamlingen " I skora gjennom Konnåkeren" av Gunnhild Stormo
som ligger på nettet her

   

Tilbake til sidene om Paul Okkenhaug